Føreslå kandidatar til Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris 2015

Audhild F. Moxnes. Foto: Erling MoxnesAUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS TIL UNGE UTØVARAR PÅ HARDINGFELE – TILDELING HAUSTEN 2015

Styret for minneprisen ber med denne utlysing om å få inn forslag på unge utøvarar på hardingfele som vil vera aktuelle som kandidatar til prisen.

Formålet med minneprisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele mellom unge, og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Minneprisen skal delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vera i alder som svarar til C-klassen på kappleik, og vera frå Vestlandet. Det skal vera eit personleg stipend. Styret for minneprisen ber med denne utlysing om å få inn forslag på unge utøvarar på hardingfele som vil vera aktuelle som kandidatar til prisen.

Minneprisen skal delast ut på Vestlandskappleiken 2015, og er på kr 10.000,-.

Kappleiken finn stad i Førde, Sogn og Fjordane, 9. – 11. oktober 2015.

FRIST for innsending av forslag er 14. september 2015.

Forslag skal sendast til:

Bergen ungdomslag Ervingen, Kong Oscarsgt. 15, 5017 Bergen

E-post: kontoret@bergen.ungdomslag.no

Merk konvolutten/e-posten ”Minnepris 2015”.

For meir informasjon, sjå www.bergen.ungdomslag.no/minnepris/

Laga av Lauen Dans&Design