Seminar for instruktørar og spelemenn

Sommarferien nærmar seg slutten, og vi håpar de alle nyt dei siste vekene før hausten brakar laus!
Hovudstyret har lyst å gje instruktørar og spelmenn ein pangstart med eit lite seminar måndag 19. august frå klokka 18:30-20:00.

Føremålet med seminaret er at vi alle vert litt kjente med kvarandre, og at vi kan fordjupe oss i kva vi sjølv verdset i samarbeidet mellom dansar og spelemann. Vi legg opp til mykje gruppearbeid og samtalar.

På førehand kan du tenke gjennom kva for slåttar du likar å spele til dans/danse til. Kva er det med denne slåtten som er så bra?
Vi har òg lyst å utforske spørsmålet: “Kven er sjefen – dansaren eller spelemannen?”.

Vi oppmodar spelemenn/spelekvinner om å ta med seg instrumenta sine, og danseinstruktørar til å ha med danseskoa.

Seminaret er gratis, og det vert ei lett servering.
Siste halvtimen vil vi sette av til planlegging av hausten, slik at instruktørar og spelemenn for dei ulike ringane kan få lage seg ein plan for kva ein vil ha fokus på fram mot jul.

Vi håpar så mange som mogleg vert med!

Fint om du svarer Marit; maritk93@hotmail.com slik at vi veit kor mykje mat vi skal kjøpe inn! :)

Då ynkjer vi alle ein fin avslutning på sommarferien, og så snakkast vi i 3. etg. i Gimle 19. august!

Laga av Lauen Dans&Design