Kurs i polsdans frå Finnskogen 20.-21. oktober 2018

Det er ikkje kven som helst som tar turen over fjellet for å instruera oss:
Anbjørg Myhra Bergwitz og Audun Grüner-Hegge har dansa seg til topps på landskappleiken med Finnskogspols, og har mange års røynsle som instruktørar.

Finnskogspols er ein fantastisk kjekk dans som nærast luktar tjukk skog og sveitt skogsarbeidar. Dansen er både spretten og tung, langsam og rask, og kjem til å lokka fram mange smil denne helga.

https://www.youtube.com/watch?v=b1rXvjRYnIY 

https://www.facebook.com/events/297298804421770/?notif_t=plan_user_joined&notif_id=1537299240500415

Laurdag: 10.00 – 16.00
Sundag: 11.00 – 15.00

Medlemmar av Bergen Ungdomslag Ervingen: 500 kr
Ikkje-medlemmar: 700 kr
Studentar: 500 kr

Hjarteleg velkomne!

Laga av Lauen Dans&Design