Til Eidsholmen for å gjera seg feite (?)

Helga 6.-7. mai vert det hyttetur til Eidsholmen for alle unge vaksne i ungdomslaget. Hit kan du vera med om du syng, dansar, spelar eller berre vil vera med på moroa.

Foto: K. J. NybøTreng du ei helg med avslapping, kos og varme? Lurer du på kven som er best i kubb? Er du tøff nok til å bade før 17. mai (nesten russeknute!)? Me tek òg med musikkanlegg så det vert høve til litt dans, og kanskje nokon tek med instrument?

Vi reiser samla frå Gimle/sentrum i tolvtida på laurdagen og er attende litt utpå dagen på søndagen. Transport organiserer me når me ser kven som vert med. Me kjøper inn mat til lunsj laurdag og frukost/lunsj søndag (ca 50-100 kr pp), og til middag laurdag blir det korgfest. Ta derfor med mat du vil dela med dei andre.

Påmelding til kontoret@bergen.ungdomslag.no eller ein i folkedanslaget innan onsdag 3. mai. Facebookhendinga kan du sjå her.

Laga av Lauen Dans&Design