Korleis formidla danseglede?

IMG_4519

16 nysgjerrige og læreviljuge deltakarar samla seg etterkvart til grunnleggande instruktørkurs i folkedans, helga 27-29 januar, i Gimle. Saman med Noregs Ungdomslag skipa Bergen ungdomslag Ervingen til kurset for dei som har dansa ein del og vil bli instruktør, og dei som alt er instruktør med ynska seg til påfyll. Etter ein del skodde og flykanselleringar, var alle deltakarane på plass til slutt. Og sjølv om ein av instruktørane sat værfast i Trondheim og  måtte returnera til Bodø, så vart det eit innhaldsrikt og spanande kurs. Maria Toppe og Silja Solvang var kursinstruktørar og rettleia deltakarane gjennom ulike tema og motodar. Haldis Folkedal frå Noregs Ungdomslag var instruktør på sundagen. Silja og Maria urfordra deltakarane til å arbeida med takt og rytme i sin eigen dans. Dei fleste var barnelagsinstruktørar, og hadde eit ynskje om å utvida repertoaret sitt. Laurdagen instruerte dei ein dans for kvarandre.

Deltakarane var ei god blanding både aldersmessig og i danseerfaring, noko som gjorde kurset meir spanande og lærerikt. Fire avdeltakarane var frå Bergen ul Ervingen, så dette lovar godt for framtida til folkedansopplæringa i laget. Borghild Opdahl og Tone Bøge hadde ansvaret for mat og oppvetning, noko deltakarane sette stor pris på.

Laurdag ettermiddag var deltakarane med på samdanssamling til Fylkesstemna for born, som Bergen ul Ervingen skipar til 9-11 juni, på Årstad vgs. Og om kvelden deltok dei på dans- og spelmaraton i Gimle.

Laga av Lauen Dans&Design