Vil du læra å dansa folkedans?

I vår arrangerer folkedanslaget i Bergen ungdomslag Ervingen to ulike kurs for den som har lyst å dansa norsk folkedans. Det vert innføring i og oppfrisking av springleik i april, og i slutten av februar vert det kræsjkurs i folkedans.

Deltakarar på dansekurs. Foto: Kjersti J. Nybø

  1. februar kl. 13-15 kan du komma til Gimle for å få ein smak på eller oppfrisking av norsk folkedans. Borghild Opdahl instruerer og Terje Furenes spelar til, og i løpet av dei to timane vert du kjent med eit par vanlege dansar og får prøvd deg på dansegolvet. Kanskje kjem du innom fordi du er nysgjerrig, fordi du ynskjer å dansa fast, eller fordi du har tenkt deg på Folkemusikkfesten same kvelden. Her blir det plass til alle. Pris: 50 (medlem Bul Ervingen/Columbi Egg/student) / 100.

I april vert ei heil kurshelg. 9.-10. april er det Gudbrandsdalen som står i fokus, og me skal læra springleik. Tor Stallvik kjem frå Vågå for å instruera, og Kristoffer Kleiveland står for musikken. I løpet av dei to dagane kan ein både få læra seg ein ny dans, eller friska opp gamle kunstar – og bli godt budd til landskappleik i Vågå til sommaren. Pris: 500 (mdl Bul Ervingen/Bygdedanslaget i Bjørgvin) / 700. Påmeldingsfrist 29. mars.

Sjå Facebook-hending for kræsjkurset her,  og for springleikkurset her.  Ta kontakt med kontoret@bergen.ungdomslag.no for meir informasjon eller påmelding.

Laga av Lauen Dans&Design