Til ære for dansen

Dansens dagar vert markert i heile verda rundt Dansens dag 27. april. I Bergen vert dette vanlegvis markert laurdagen etter, med dans i byrommet frå både profesjonelle og amatørar. Ungdomsringen og folkedanslaget viste fram noko av det dei driv med på biblioteket.

Det er vanlegvis ganske roleg mellom hyllene på Bergen offentlege bibliotek, men både i kafeen og inne mellom bøkene var det liv og røre, med både samtidsdans, latinsk dans og norsk folkedans i løpet av ein halv time. Ungdomsringen viste fram turdansar, medan dei saman med dansarar frå folkedanslaget dansa pardansar, begge deler med flott tonefylgje frå Johanne Mjøs. Dei lånande fekk med seg meir enn bøker denne dagen.

Dansarane – og nokre av tilskodarane – feira med is etter framsyninga. Det er blitt nesten ein like sterk tradisjon som framsyninga, og viser at det sosiale er ein viktig del av dansinga, og Dansens dagar starten på våren.

Laga av Lauen Dans&Design