Nordring 2016 i Finland

Klokka 04.00 på skjærtorsdag møttest fire trøytte fjes på Flesland. Karoline, Maria, Lars og Ida Marie var pakka og klare til påske på Nordring i Finland.

Vel framme i Finland, sjekka me inn på romma, før det var klart for den første posten på programmet – middag. Det var godt med tradisjonell finsk mat etter ei lang reise, men etter kvart skulle me oppleve at det vart litt vel mykje med mat omtrent kvar tredje time. Kvelden vart avslutta med finske dansar og ein god runde med finsk junior-Alias på alle dei nordiske språka.

Fredagen var det dans som stod på planen, og dei ulike landa fekk kvar sin time til å lære vekk dansar til dei andre deltakarane. Me frå Noreg lærte vekk vestlandsspringar og laus, medan dei fleste andre lærte vekk gammaldansar og turdansar. Innimellom alle timane med dans, fekk me tid til både lunsj, kaffi og middag før det var duka for songstund om kvelden. Kvart land hadde med songhefte, og kvelden vart fylt med dansk Midtsommarvise, Ola, so heite guten min, Pippi Langstrømpe, og songar på finsk og islandsk som korkje nokre av oss nordmenn forstod eller klarte å uttale.

Ungdomar som dansar

Turdans frå Finland,
Foto: Runhild Heggem


Kvelden vart avslutta som alle andre kveldar – med dans, spel (både av den musikalske og brett-typen) og badstue. Fredagskvelden var òg den einaste kvelden to nordmenn våga seg ut i badstua, men det tok ikkje lang tid før Karoline og Maria kom tilbake og klaga over at det hadde vore for varmt.

Laurdag morgon var det 30 støle ungdommar som gjekk ned trappene til kantina. Betre vart det ikkje då me ein time seinare hadde utflukt til hoppbakken i Nastola, og måtte gå opp fleire trappetrinn på glatt is. Heldigvis var det ein heis som frakta oss opp i hopptårnet, slik at me, sjølv med slitne bein, fekk nyte den vakre utsikten over byen.

Alle Nordring-deltakarane foran hoppbakka i Nastola

Alle Nordring-deltakarane foran hoppbakka i Nastola,
Foto: Runhild Heggem


På søndag var det duka for myter, segn og påsketradisjonar, og me frå den norske delegasjonen valde å framføre forteljinga om «Askeladden som kappåt med trollet». Etter myter og segn frå alle land, var det tid for å blåse og male påskeegg. Dette var noko som førte til stor latter og glede, og særskilt ei frå Noreg klara berre så vidt å blåse litt mellom latterkulane.
To unge jenter målar påskeegg

Runhild og Veera målar påskeegg,
Foto: Runhild Heggem


Når kvelden senka seg, var det duka for «folkjam», ei zumba-liknande treningsøkt med folkedansrørsler. Etter ein time med hopp og sprett var det nydeleg å ta ein dusj før kantina var duka til festmiddag. På kvelden var det igjen tid for leik, spel, dans og badstue. Det var mange som haldt ut i dei små timar. Dette resulterte i ein del trøytte fjes då me måtte opp tidleg måndag morgon for heimreise.

Alt i alt har det vore en kjekk tur, og i tillegg til lite søvn og ein støl kropp, sit me igjen med mange gode minne og nye vener.

Helsing frå Runhild, Tonje, Maria, Ida Marie, Lars, Karoline og Nina

Helsing frå Runhild, Tonje, Maria, Ida Marie, Lars, Karoline og Nina.
Foto: Runhild Heggem

Laga av Lauen Dans&Design