Jølstra-spel, greske dansar og springleikkuler

Alt i overskrifta, og mykje meir, byr vårsemesteret 2016 på for den som er interessert i folkemusikk og folkedans. Her er ei rask oversikt over nokre sentrale datoar frå folkedanslaget til Bergen ungdomslag Ervingen:

4.januar – oppstart for måndagsringen

13.januar – oppstart for onsdagsøvinga

23.januar – dans- og spelmaraton, med konsert med Gro Marie Svidal og spelstafett på scena. Spelmenn melder seg på innan 11. januar.

27.februar – folkemusikkfest i samarbeid med folkemusikklubben Columbi Egg. Det vert konsert og dans til Spindel (Sigrid Moldestad og Liv Merete Kroken), Oluf Dimitri Røe med Gabriel Fliflet og Olav Tveitane, Meltiade og George Mihalache. Om kvelden vert det kort instruksjon i gresk og rumensk dans, medan dei som ynskjer innføring eller oppattfrisking i norsk folkedans kan komma på kræsjkurs tidlegare på dagen.

Frå folkemusikkfesten 2015. Foto: Kjersti J. Nybø

Frå folkemusikkfesten 2015. Foto: Kjersti J. Nybø

12.mars – dansekveld i samband med Hordamønstringa.

9.-10.april – kurs i springleik frå Vågå i samarbeid med Bygdedanslaget i Bjørgvin. Instruktør er Tor Stallvik, og Kristoffer Kleiveland skal spela til.

17.mai – me deltek i hovudprosesjonen og med dans på Torgallmenningen

4.-5.juni – hyttetur for alle unge vaksne i ungdomslaget

 

Frå hyttetil til Eidsholmen hausten 2015. Foto: Kjersti J. Nybø

Frå hyttetur til Eidsholmen hausten 2015. Foto: Kjersti J. Nybø

Det vert òg eit par hyggekveldar på måndagsringen som er opne for alle som har lyst å komma innom, og øvingane både måndagar og onsdagar er opne for både gamle og nye dansarar. Det same er konsertar, festar og kurs, og me håpar å sjå både gamle og nye ansikt på dansegolvet i vår!

Laga av Lauen Dans&Design