Ein ny vår?

Hausten er ei fin tid for å danse. Difor går barnelaget hausten i møte med eit variert program, slik at fleire born skal få glede av folkedans.

Dei faste øvingane til barnelaget starta måndag 12.september. Øvingane er i Gimle kvar måndag kl. 17.30 – 18.30. Foreløpig er det ei lita gruppe med åtte born, så her er det plass til fleire. Kjenner du born som vil prøve å danse, ta dei med! Me er glad for at Silja Solvang, Tora Persdotter Fjell og Ida Marie Rognsvåg er med som instruktørar og spelemann. Dei skapar ein fin atmosfære og varierte øvingar!

For å rekruttere born til barnelaget skal me i haust vere med på borne- og familiearrangement i Bergen. Allereie sundag 02.oktober sender me instruktørar og spelemann til USF Verftet. Der blir det dans for born mellom 3 – 5 år kl. 11.30 – 12.30 og dans for born mellom 6 – 8 år kl. 12.45 – 13.45.  Barnas kulturhus i Kalamargaten 6 får besøk laurdag 5.november, 24.november og 3.desember mellom kl. 13.45 – 16.00.

Tradisjonen tru vert det familiefolkedans og barnebokkveld i Gimle sundag 23.oktober kl. 16.00 – 18.00.  Vegard Markhus kjem og les frå bøkene sine om Ram og Rine. Deretter vert det leia dans til god musikk av Bergen Juniorspelemannslag, som i sommar vart kåra til det beste juniorspelemannslaget i Noreg!

I løpet av skuleåret vil mange born møte folkedans i den interaktiv førestillinga «Danse i en ring – Lokale dansetradisjonar i Hordaland». Tilbodet er organisert gjennom «Den Kulturelle Skolesekken»  i Bergen Kommune, og totalt 30 klassar får besøk. Borna er med på ei skattejakt gjennom skogen akkompagnert av hardingfelespel. For å finne skatten må me synge så høgt at fjellet sprekk, binde fast trollet med «Tretur frå Fana» og opne skattekista med kodelåspolka. Dersom du veit om klassar som vil vere med, be dei melde si interesse på “Den kulturelle skolesekken”-nettsida.  Det er få plassar at!

Før urpremiere på "Danse i en ring - lokale dansetradisjonar frå Hordaland". Frå venstre: Silja Solvang og Ida Marie Rognsvåg. Foto: Borghild Opdahl

Før urpremiere på “Danse i en ring – lokale dansetradisjonar frå Hordaland”. Frå venstre: Silja Solvang og Ida Marie Rognsvåg. Foto: Borghild Opdahl

 

 

 

Laga av Lauen Dans&Design