Dansegruppe for barn

Måndag 12. september startar Bergen ul Erivngen opp ei dansegruppe for barn (5-12 år).

BarnelagetBarnelaget øver kvar måndag i Gimle, (Kong Oscarsgate 18), klokka 17.30-18.30. Her dansar barn i alderen 5-12 år norsk folkedans, både song- og musikkdans. Kvart år reiser barnelaget på hyttetur og barnestemna. I juni 2017 er det Bergen ul Ervingen som skipar til barnestemna. Barnelaget er ope for alle som likar å dansa, leika og synga, og me håpar at mange vil vera med oss denne hausten. Om du lurar på noko, er det berre å ta kontakt med kontoret@bergen.ungdomslag.no eller 47664785.

Dersom du er nysgjerrig på barnelaget, er det berre å møta opp på øvinga i Gimle, for å sjå kva det er me driv med. Så kan du vera med nokre gongar for å finna ut kor kjekt dette verkeleg er! Og dersom du syntes det er litt skummelt om du ikkje kjenner nokon, eller om du ikkje vil gå åleine, så ta med ein ven, foreldre, søsken eller andre som er god å halda i handa!

23 oktober skipar me til familiefolkedans- og barnebokkveld i Gimle klokka 16.00-18.00. Denne kvelden er det Bergen Juniorspelmannslag som spelar.

Laga av Lauen Dans&Design