Dans- og spelmaraton med ei overrasking

Kvar einaste januar inviterer Bergen ungdomslag Ervingen spelmenn og dansarar til ein skikkeleg dugnad. Då skal ein heil kveld og eit heilt dansegolv fyllast med god folkemusikk og -dans, og alle som vil er hjarteleg velkomne til å bidra. Men i år vert det ei ekstra kjekk overrasking for dei som tek turen til Gimle 23. januar.

Gro Marie Svidal. Foto: Andreas E. Nygjerd

Gro Marie Svidal. Foto: Andreas E. Nygjerd

Gro Marie Svidal frå Jølster lanserer på nyåret si andre soloplate, som har fått tittelen Eilov. Det er òg tittelen på konsertserien ho spelar i samband med lanseringa, og til Bergen kjem ho altså laurdag 23. januar, i samband med dans- og spelmaratonen. Svidal gjorde seg merka med den førre soloplata si i 2009, og i fjor vann i A-klassen i hardingfelespel på Landskappleiken. Det er altså ein erfaren og omtykt felespelar me får høyra denne kvelden.

Etter konserten med Gro Marie Svidal er det alle andre spelmenn, ferske og med lang fartstid, unge og gamle, ein eller mange i lag, som skal syta for god dansemusikk utover kvelden. Det er ope for dei som har spelt saman i åresvis, den som vil prøva seg åleine eller for nye, friske konstellasjonar. Det vert selt forfriskingar i kafeen, slik at ein held ut heilt i mål, og ein kan vinna ein liten premie på biletten. Alle som vil spela må melda seg på til kontoret@bergen.ungdomslag.no innan 11. januar.

Tid: konsert kl. 19.00, dans- og spelmaraton frå 20.00
Stad: Gimle, Kong Oscars gate 18
Pris: 150 (konsert og dans) /50 (dans). Både spelmenn og dansarar betalar for konsert og/eller dans og spel denne kvelden.
Påmelding til spel innan 11. januar til kontoret@bergen.ungdomslag.no.

Under kan du sjå bilete frå dans- og spelmaratonen i 2015. Du kan lesa meir om Gro Marie Svidal her.

Laga av Lauen Dans&Design