Alle i bunad! Foto: Gerd Skorpen

Ungdomsringen til Tyskland

Ungdomsringen var helga 09.-13.juli deltakarar på Danetzare Folklore Festival i Erfurt, Tyskland. Thüringer Folklore Ensemble e.V. arrangerer Danetzare annakvart år. I tillegg til elleve dansarar og ein spelmann frå Bergen, var det også grupper frå Belgia, Indonesia, Georgia, Romania, Serbia, Slovakia, Taiwan, Tyskland, Ukraina og USA.

Alle deltakarar på Danetzare 2015. foto: danetzare v/Mark Poltermann

Alle deltakarar på Danetzare 2015. foto: danetzare v/Mark Poltermann

Me vart teke godt vare på av ein lokal folkedansgruppe for barn og unge, Tansteufel – Erfurter Kinder- und Jugendtanzensemble e.V. Utgangspunktet for samarbeidet var at ei i ungdomsringen dansa i Tanzteufel skuleåret 2013 – 2015, då ho var på utveksling til Erfurt. Her er vår reisedagbok frå ein kjekk tur:

Torsdag 09.07
Me starta dagen kl. 05.30 på Flesland. Me tok fly frå Bergen til Oslo og vidare til Frankfurt. Der blei me henta av Tommy og Patricia som kjørde oss til Erfurt. Vel framme på skulen fant me fram bunadene og drog for å møte dei andre landa på Domplatz. Me gjekk i ein parade som avslutta på Petersberg, der det var opningsseremoni. Kvart landa hadde ei framsyning på sju minutt, og så var det informasjon om dei neste dagane. Etter det gjekk me tilbake til skulen og tok ein tidlig kveld!

Alle i bunad! Foto: Gerd Skorpen

Alle i bunad! Foto: Gerd Skorpen

Fredag 10.07
Dagen starta med frukost kl. 09.00. Me eksperimenterte med tysk pålegg, og alle blei mett. Etter frukost bytta me til kvardagslege kler, og gjorde oss klar for byvandring. Før byvandringa øvde me ein halvtimes tid på ein flash-mob og på ein dans me skulle danse med våre tyske dansevenner. Etter litt dansing tok me tog/bybane ned til «Fisketorget» der me møtte guiden vår. Hun viste oss rundt i byen i ein times tid. Der fekk me blant anna med oss den gamle måten å lage eit stoff blått, ein sjokoladebutikk med heimelaga sjokolade og korleis studentlivet var i byen for ein del år tilbake i tid.

Heile gjengen! Foto: Gerd Skorpen

Heile gjengen! Foto: Gerd Skorpen


Byvandring

Byvandring

Etter byvandinga var det tilbake til skulen, der me skifta til bunad. Me hadde rundt ein time på å bli ferdig påkledd. Etter me var vell påkledd i nasjonaldraktene våre drog me ned til Anger (eit torg), der me møtte heile den tyske danseringen. Etter at de som dansa før oss var ferdig, skulle me opptre. Dei tyske dansa, og me var innslag nummer 3, 6 og 9. Tilslutt dansa me ein flash-mob samen:

https://www.youtube.com/watch?v=-83rEyA_GvU
Godt fornøgde med dansen skiftet me tilbake til kvardagslege kler i eit telt. Ein av de tyske dansarane skulle køyre bunadene tilbake, mens me gjekk for å ete lunsj. Etter lunsj var det litt fritid. Me delte oss opp i grupper ut frå kva me ville gjere, men avtalte å møttes med teateret til kl. halv seks, der me skulle på galla. På gallaen så me på dei andre landa som var deltakarar på festivalen. Konferansieren var litt vanskeleg å forstå, i og med at han snakka tysk, og ut i programmet blei han litt kjedeleg. Noen sovna diskret på skulderen til den ved sida av. Etter gallaen var det middag. Etter middag delte me oss ut i frå kven som ville på sosial dans og kven som ville tilbake til skulen.

Laurdag 11.07
Laurdag var den dagen me gjekk mest i bunad. Dagen starta med fellesbilde og parade gjennom dei gamle vakre gatene i Erfurt. I paraden var det god stemning (nesten 17. mai-stemning) og me song både songdansar og nasjonalsongar av full hals for å overdøyve indonesiaranes trommer og gongongar. Langs vegen møtte me besteforeldra til Janis, som hadde bakt kake til oss som me fekk seinare på dagen. Allereie i toget dansa me ein del, men det stoppet ikkje der. Me hadde to førestillingar seinare på dagen, og i pausen mellom dei to fant me oss ei avsidesliggande gate og øvde på Ketteldansen, ein dans som me dansa samen med den tyske dansegruppa på den seinare førestillinga.

Maria Skjeldrum Toppe var spelmann. Foto: Danetzare v/Mark Poltermann

Maria Skjeldrum Toppe var spelmann. Foto: Danetzare v/Mark Poltermann


Då me til slutt kom tilbake til skulen om ettermiddagen var alle overlykkelig over endelig å få av seg den sveitte bunaden og ikkje minst bunadsskoa! Nokon hadde likevel ikkje fått nok dansing og skunde seg tilbake til workshop med nokon av dei andre gruppene. Andre nytta pausen til å handle, eller å slappe av med en kopp kaffi.
Dei som shoppet drog nok ein gong til den kjende sjokoladebutikken på Krämerbrügge. Ein kan aldri gå for mange gonger i ein god sjokoladebutikk. Etter sjokoladen gjekk turen til kler. Noen gjekk amok og føyk rundt som en jojo då dei var innom sin yndlingsbutikk.
Etter 1,5 timer med parade, to danseførestillingar, ein øving og mye gåing til og frå (alt i bunadssko), hadde dei fleste fått ganske vondt i bena. Dette var derimot ingenting samanlikna med kor vondt ei hadde etter at ho snubla i en spiss steinplate utanfor skulen. Optimistisk og i god tru på at dette ville gå fort over drog me på dansekurs, men fann etter kvart ut at det kanskje ikkje var så dumt å ta seg ein tur til ”Malteserne” (tilsvarende Røde Kors). Konklusjonen var ei forstua tå. Etter dette fekk den uheldige både isposer, isspray (av ei hyggjeleg tysk dame) og diverse armar å støtte seg på resten av turen.

Sundag 12.07
I dag var Maria Ynk og Borghild klare i bunad allereie før frukost. Dei skulle til borgarmeisteren for å gje han brunost og ostehøvel, noko han sjølvsagt blei veldig glad for!

På besøk i rådhuset! Foto: Danetzare v/Mark Poltermann

På besøk i rådhuset! Foto: Danetzare v/Mark Poltermann


Resten av gjengen tok på bunad og drog etter, så møttes me alle ved ei av scenene for dagens fyrste førestilling. Takke været Brita og Jostein sin gode retningssans, trong me ikkje å bruke kart for å finne fram igjen til denne plassen 
Me dansa både norsk og tysk dans på scenen denne gangen. Før neste førestilling blei det tid til ein tur innom sjokoladebutikken (med handlaga sjokolade frå Erfurt) og ein is i sola! Dette til tross for at alle turistane stoppa oss for å ta bilete av oss på vegen!
Ispause! Foto: Gerd Skorpen

Ispause! Foto: Gerd Skorpen

Så var det tid for «På gjensyn Danetzare» og vår siste førestelling. Der var det MYKJE publikum, og me var som vanleg skikkeleg flinke. Det heile blei avslutta med Flashmob –dansen, med alle samen!
Så fikk me endeleg gå til skulen for å ta av oss bunadene og lufte dei såre tærne våre. Fleire sovna i ein klump på madrassane! Etter denne oppladinga var me klare for middag og disko! Me svinga oss på dansegolvet og hadde det gøy. Me blei også litt betre kjent med tyskarane. Etter kvart drog fyrste pulje heim, mens resten av gjengen blei igjen for å danse ein times tid til!
Vel tilbake på skulen tok nokon seg ein dusj. Dei blei verande så lengje i dusjen at reiseleiarane nesten blei bekymra. Men forklaringa var enkel – skravling og vannkrig i dusjen! Tone og Borghild passa på å ta bilete med BarneTV –figurane som var utstilt på vei heim. Etter kvart var alle i seng og klare for ein god natts søvn.

Måndag 13.07
Me starta dagen med å pakke saman tinga våre. Deretter fekk me omvising på eit folkemuseum utanfor Erfurt, der dei hadde samla gamle bygningar frå heile distriktet. Ein trøtt gjeng var innom ei mølle, ein smed, fleire bustadhus og eit pottemakeri.

I våre nye t-skjortar og med vår nye venn Sara! Foto: Gerd Skorpen

I våre nye t-skjortar og med vår nye venn Sara! Foto: Gerd Skorpen

Sara frå Tanzteufel sa adjø og delte ut lunsjposar til køyreturen til Frankfurt flyplass. Etter vell ein halvtime på vegen, var det plutseleg full stopp på Autobahn, på tysk kalla «stou». Etter kvart fekk me vite at det hadde vore ei trafikkulykke lengre framme, ein lastebil for biltransport hadde mista bilar frå hengaren. Etter ein time i ro og ein time med sakte kø passerte me ulykkestaden. Men no låg me langt etter tidsskjema! Rakk me flyet? Heim skulle me, men det var usikkert om det blei på måndag eller tysdag. Nokre var bekymra for å ikkje rekke arbeid, mens andre såg fordelar med å få betre tid i butikkane på flyplassen. Då me endeleg kom til Frankfurt flyplass, var det ti minuttar etter siste innsjekking på flyet vårt. Etter kvart fekk me ordna med flybillettar heim dagen etter og fann eit hotell i nærleiken. Der låg det også ein triveleg italiensk restaurant og trass dagens hindringar var stemninga rundt middagsbordet god.

Tysdag 14.07
Me sto tidleg opp, for i dag skulle me rekke flyet! Det gjekk fort gjennom innsjekking og kontroll, før me slappa av med frukost ved avgangen. Me fekk heldigvis reise samen til København. Der sa Line, Janis og Borghild hadet til resten av gjengen, og fekk litt ekstra tid til å handle julegåver. Då me landa på Flesland vart me møtt av fornøgde foreldre, som var glad for at me hadde hatt ein kjekk tur og kom oss vell heim!

Ungdomsringen

For fleire bilete frå festivalen sjå; https://www.flickr.com/photos/vollformat/

Laga av Lauen Dans&Design