Kulturnatt i Gimle

Fredag 11. september er det kulturnatt i Bergen, og i Gimle er det Osterøy som står på programmet.

Frå dans- og spelmaraton 2014. Foto: Kjersti J. NybøKulturnatt er eit tilbod til alle innbyggarane i Bergen, og er gratis. Denne fredagskvelden vil me fylla Gimle med musikk og dans frå gode krefter i nabokommunen – me har vendt oss mot Osterøy. Una O’Keefe og Silje Vevle startar kvelden med ein kort konsert, før det vert dans til både dei, Osterøy spel- og dansarlag og Osterøybelgen. Vår eigne kommande stjerner, Bergen juniorspelmannslag, spelar til dans fyrst av alle, klokka 20.00. Ungdomsringen skal ha kafe, slik at ein får energi til dansinga.

For alle som er ferske på dansegolvet, vert det eit par gonger i løpet av kvelden kræsjkurs i norsk folkedans for alle som ynskjer.

Bergen ungdomslag Ervingen takkar Bergen kommune for støtta til dette arrangementet.

Laga av Lauen Dans&Design