Nybegynnarkurs i folkedans

Helga 20.-21. september vert det nybegynnarkurs i norsk folkedans i Gimle. Her kan du læra mellom anna reinlender, vals, springar og halling.

Dans under sjufjellsturen. Foto: Kjersti J. Nybø

Dans under sjufjellsturen. Foto: Kjersti J. Nybø

Borghild Opdahl skal vera instruktør og Terje Furenes spelmann for nybegynnarane som kjem til Gimle laurdag og søndag neste veke. Det er enno ledige plassar på kurset, og påmeldingsfristen er måndag 15. september. Kurset passar både for heilt urøynde dansarar, for dei som har vore på eit par øvingar, men vil læra meir, og for dei som har dansa ein del, men ikkje kjenner norsk folkedans.

Tid: 20.-21. september 2014, kl. 11-16 laurdag og 12-16 søndag
Stad: Gimle, Kong Oscars gate 18
Pris: 300 (medl./student) / 400
Påmelding til kontoret@bergen.ungdomslag.no eller på tlf. 55317446 innan måndag 15. september

Les gjerne meir her.

 

Laga av Lauen Dans&Design