Festspelartistar på sjufjellsturen

Omlag 25 unge dansarar og spelmenn frå Bergen ungdomslag Ervingen tok del når Festspillene i Bergen skulle underhalda tusenvis av bergensarar på fjelltur søndag 25. mai.

Folkedansarar på Montana. Fotograf: Kjersti J. Nybø

Dansarar på Montana. Fotograf: Kjersti J. Nybø

Bergen viste seg frå si beste side, og alt var duka for ein strålande utmarsjdag for dei mange tusen som tok del på den 60. sjufjellsturen. Ungdomslaget har ikkje heilt like lang tradisjon som deltakarar, men har dei siste åra stilt som del av Festspillene i Bergen sitt tilbod til vandrarane. Så òg i år, og ei rekordstor gruppe spelmenn og dansarar dansa på Montana i tre timar til endes. Mange fjellvandrarar stogga opp for å sjå på, ta bilete eller eit par dansesteg før turen gjekk vidare. Musikken, dansen og det gode humøret smitta nok, for det var mange smil å sjå i bakkane opp mot Ulriken.

Laga av Lauen Dans&Design