Dansesamling i Samnanger

To jenter dansar folkedansFredag 04.april møttest ei gruppe barn og unge på Samnanger barneskule. Silja Solvang var instruktør for helga, og fokuset var runddansteknikk og samdans. Gro Vetås spelte reilender og halling, samt noen turdansar. Det var ein herleg og sosial gjeng på ti stykker som var med.

Laurdagskvelden var det tradisjonen tru taco til middag, etterfylgt av vår eigen leikfest.  Gymsalen var pynta med ballongar og deltakarane stilte nydusja og festkledde. Kjekke dansar og artige leikar sto på programmet. Sjølvsagt vart det ein del snop også.

Favoritten på laurdagskvelden var utan tvil spelet Kortskalle. Der skal ein gjetta kva namn som står på ein papirbit ein har festa i panna. Plutseleg satt både Jens Stoltenberg, Erna Solberg, julenissen og Mikke Mus rundt bordet.

På sundag var me ganske trøytte alle saman. Det var seint i seng og tidleg opp heile helga. Likevel dansa me i fleire timar, og alle deltakarane synte stor framgang frå fredag. Me var einige om at det hadde vore ein kjekk helg med mykje god dans og gode venar.

Me vonar alle vert med på neste dansesamling på Voss, 24. – 26.okt, me gler oss i alle fall allereie til neste gong.

 

 

 

Laga av Lauen Dans&Design