Dansekurs og folkemusikkfest 3. mars 2018

Eit stjernelag med fleire av Nord-Amerikas beste utøvarar innan Cajun-sjangeren kjem til Bergen: The Cajun Country Revival.

Bassisten i bandet, Nadine Landry, vil kursa oss i dei viktigaste Cajun-dansane: vals og two-step. Til levande musikk lærer ho bort vals med Cajun-vri og ulike variantar av two-step, som “the jitterbug” og “the zydeco two-step”.

Pris: 100 kr
Studentpris: 50 kr

Den fransk-amerikanske Cajun-kulturen er frodig som sumpane utanfor New Orleans – det er mat, det er musikk, og det er sjølvsagt dans. På Folkemusikkfesten same kveld, får du konsert med Cajun Country Revival og moglegheita til å testa ut jitterbugen din: https://www.facebook.com/events/182321159178038/

Ein smakebit av The Cajun Country Revival her: https://www.youtube.com/watch?v=TLTdSwEV-t0&feature=youtu.be 

På folkemusikkfesten , 3. mars 2018 vil dei seks musikarane i Cajun Country Revival aller mest spila drivande cajunmusikk, først på konsert og så til dans. De unge medlemane i spelmannslaget Audhilds er blitt ei god og samstemd hardingfelegruppe. Dei vi gje ein kort konsertbolk med samspel og solo. Seinare sørger dei for at det også vert tradisjonelt, norsk dansespel med vals, springar, reinlender og polka utover kvelden.

Stad: Kulturhuset Gimle, Kong Oscarsgate 18, Bergen – inngang frå Øvre Korskirkeallmenning
Dørene opnar kl 19. Start kl 19.30.
Billettar: 300 / 250 (medl. BUL Ervingen og Columbi Egg) / 100 (studenter) / 50 (barn)
Tilskipar: Bergen ungdomslag Ervingen og Folkemusikklubben Columbi Egg.

Laga av Lauen Dans&Design