Sommarleir 2017

27. juni til 02. juli vert NU sin Sommarleir for ungdom arrangert på Fana folkehøgskule.

Sommarleir 2017Sommarleiren har i år hovudkurs i folkedans, samspel, vokalteknikk, teater og foto. I tillegg får deltakarane prøve seg på fleire ulike kortkurs. Alle kursa har gode instruktørar, så her er det gode moglegheiter for å lære mykje nytt! 

I tillegg til å lære mykje nytt, er venskap og moro det viktigaste på leiren. Leiren skal vere ein stad der ein kjenner seg trygg og kan knyte sterke venskapsband. Derfor vert det ein fest med leik, spel og anna moro. I tillegg skal vi på utflukt og utforske nye farvatn saman, så her ventar både spenning, samarbeid og gode opplevingar. 

Les meir om programmet på sommarleiren på vår eiga nettside; www.sommarleiren.no eller finn oss på Facebook!

Dersom du har lyst til å oppleve noko av denne moroa, men er for gamal til å delta, vil vi oppfordre deg til å melde deg som dugnadshjelp. Leiren er eit stort arrangement som varer fleire dagar, og for at alt skal gå på skinner og at alle skal kjenne seg trygge treng vi di hjelp! Meld deg her eller kontakt kontoret@bergen.ungdomslag.no dersom du vil vere med på sommarens vakraste eventyr.

Vi i leirkomiteen gler oss til å verte kjende med alle deltakarane, og til å ha ei strålande veke med latter, lærdom og mykje liv. 

Mvh
Leirkomiteen for Sommarleiren 2017 

Laga av Lauen Dans&Design