Juniorspelmannslaget jubilerar

Bergen junior Spelemannslag jubilerar, og ynskjer at flest mogleg skal vere med å markere at laget har eksistert i 15 år.

Bergen Juniorspelmannslag. Foto: Knut Utler

Bergen Juniorspelmannslag. Foto: Knut Utler

Som eit ledd i markeringa, blir det kurs i Canadisk felespel, med Patti Kusturok og akkompagnatør på piano, Trent Bruner. Patti Kustrurok kjem frå Winnipeg, og er ein høgt akta felespelar. Ho er tre gonger canadisk meister; Canadian Grand Master Fiddeling Championship, ho underviser mange elevar kvar veke, er mykje nytta som dommar på ulike konkurransar både i Canada og i USA, samt som utøvande solist. På kurset lærer du nytt repertoar med fengjande dansemusikk. Det vert fokusert på vals, jig og reel. Prisar: Kurs i spel kr 200. PÅMELDING: Hilde Midtbø, midtbohilde@hotmail.com

Laurdag, 21. oktober

Kl. 10.00 – 13.00: Kurs Bergen juniorspelemannslag, Audhilds, andre vidarekomne felespelarar (standard stemming av feler, E,A,D,G)

Kl 13.00 – 14.00: Felles LUNSJ for alle, inkludert aspirantar.

Kl 14.00 – 16.00:  Kurs for alle.

Kurs for aspirantar og nybegynnarar, med Patti.

Kurs for Bergen juniorspelemannslag, Audhilds, andre vidarekomne felespelarar, med Trent. Akkompagnering av innlærte slåttar, dansetempo.

Kl 16.30-17.00: Felles øving til jubileumsfesten/konserten. Alle

Kl 19.00: JUBILEUMSFEST med konsert, mimring, dans, mat mm. Jubileumsfest: kr 200. Kursdeltakarane går gratis. PÅMELDING: Sissel-Ingunn ; sisselin.nordstad@gmail.com

 

Sundag, 22. oktober

Kl. 12.00 – 14.00: Kurs Bergen juniorspelemannslag, Audhilds, andre vidarekomne felespelarar (standard stemming av feler, E,A,D,G)

Kl 14.00 – 15.00: Felles LUNSJ for alle, inkludert aspirantar.

Kl 15.00 – 15.30:  Sluttspurt for kurset for alle med Patti og Trent.

Kl 16.00-18.00: Familiefolkedans med bokkveld; konsert med fellesnummer for kursdeltakarane. Kristian Fjellanger les frå boka “Samir og den lange reisa”.    Familiefolkedans: Kr 80/60 for medlemmer/ikkje medlemmer, barn gratis

Laga av Lauen Dans&Design