Stordanskveld

Ein heilaften med dans til gamle songar om store kråker, unge møyar, riddarar og stormfulle reiser.

stordanskveldStordansen vart teke opp att her til lands for omlag 100 år sidan etter inspirasjon frå Færøyane kor dansen har overlevd i ubroten tradisjon sidan mellomalderen.

Me skipar til stordanskveld i Schøttstuene, laurdag 17. september. Alle som vil vera med å danse og synge er hjarteleg velkomne! Om du kan tenkje deg å ta opp ei vise eller to er det ope for det òg. Di fleir som tek opp viser, di betre vert det!

Ein heilaften med dans til gamle songar

Laga av Lauen Dans&Design