Stor stemning på Schøtstuene!

Folkedansarar dansar stordans på Schøtstuene

Foto: Kjersti J. Nybø

Laurdag 17. september inntok nærare seksti dansarar Schøtstuene for ein heilaftan med dans til gamle songar om store kråker, unge møyar, riddarar og stormfulle reiser. I løpet av kvelden var ein òg innom kjempar, helgenar, mange tragiske skjebnar og heldigvis ein og annan lykkeleg slutt under leiing av mange ulike skiparar eller forsongarar. Stordansen blei tatt opp igjen her til lands for omlag 100 år sidan etter inspirasjon frå Færøyane, der dansen har overlevd i ubroten tradisjon sidan mellomalderen. Stega er enkle, og fokuset er på songane og historiene som blir fortalde gjennom dei. Schøtstuene danna ei flott ramme rundt desse gamle visene, og det bidrog utvilsamt til den gode stemninga. Trass i såre stemmer og slitne bein mot slutten av kvelden, var det fleire som ytra ønske om nye stordanskveldar. Kanskje er ein ny tradisjon fødd?

Laga av Lauen Dans&Design