Vårsemesteret i folkedanslaget

Vårsemesteret 2015 er endeleg i gang, og folkedanslaget har mange spanande og fine opplevingar planlagt for alle som vil dansa denne våren.

Folkedansøvingar

Dei faste øvingane til måndagsringen, folkedans for seniorar og fordjupingsøvinga går på same tid som før, med mange kjente spelmenn og instruktørar. Måndag fyrstkommane, 12. januar, er nye dansarar særleg velkomne, så ta med ein ven eller tre på måndagsringen. 2. mars kan de merka i dagboka allereie no, då vert det hyggekveld for heile laget på måndagsringen, i høve tiårsjubileet til Bergen Ungdomslag Ervingen.

Fordjupingsøvingane dette semesteret kjem til å dreia seg om turdans og songdans (januar), springarar frå heile (sør-)Noreg (februar/mars) og danske dansar (april). Du kan sjå planen her, og alle er hjarteleg velkomne til å fordjupa seg i eitt eller fleire tema.

Hyggekveld på måndagsringen. Foto: Kjersti J. Nybø

Hyggekveld på måndagsringen. Foto: Kjersti J. Nybø

Kurs

Det vert nybegynnarkurs i folkedans helga 31. januar-1. februar. Instruktør er Borghild Opdahl og spelmann Terje Furenes. Påmeldingsfrist er måndag 26. januar. Les meir om kurset her.

For dei som har dansa litt meir er det eit dansekurs helga 18.-19. april. Meir informasjon kjem etterkvart.

Festar og dansekveldar

Feståret byrjar med dans- og spelmaraton 24. januar kl. 19 i Gimle. Då er det fritt fram for spelmenn, lag og grupper frå nær og fjern, og det same for dansarar. Les meir her, og hugs påmeldinga for spelmenn innan 12. januar til kontoret@bergen.ungdomslag.no.

Frå dans- og spelmaraton 2014. Foto: Kjersti J. Nybø

Frå dans- og spelmaraton 2014. Foto: Kjersti J. Nybø

Den 28. februar er det folkemusikkfest i Gimle, i samarbeid med Columbi Egg. Då kjem Gjertruds sigøynerorkester og Kristoffer Kleiveland Band og held konsert og spelar til dans. Dette vert ein festkveld av dei sjeldne! Les meir på nettsida til Columbi Egg.

Det vert òg konsert og dansefest 21. mars, men programmet er ikkje heilt klart enno. Føl med!

Hyttetur

Hyttetur for alle unge vaksne (ca 20-35 år) i laget vert helga 7.-8. mars. Meir informasjon kjem.

Kubbturnering på hytta. Foto: Mari S. Lysne

Kubbturnering på hytta. Foto: Mari S. Lysne

Ta gjerne kontakt med kontoret eller folkedanslaget dersom du lurer på noko eller er nysgjerrig på nokre av aktivitetane våre. Velkomen til eit kjekt semester!

Laga av Lauen Dans&Design