Hallingmusikk og vestlandsspel

Laurdag 21. mars vert det igjen dansefest i Gimle. Denne gong spelar Reinlenderkvartetten til konsert og dans, godt støtta av spelmannslaget Audhilds.

Reinlenderkvartetten er ei ganske fersk gruppe frå Hallingdal (og til dels Voss). Medlemmene er Arne Anderdal, Knut Fausko, Jo Asgeir Lie og Ingunn Stræte Lie. Til Gimle kjem dei som trio med god dansemusikk frå Hallingdal i fele- og trekkspelkassane, og startar kvelden med ein kort konsert.

Spelmannslaget Audhilds er Bergen ungdomslag Ervingen sitt eige spelmannslag. Dei spelar mykje vestlandsmusikk, men rører seg stadig utanfor Bergen og omland. Audhilds skal veksla med Reinlenderkvartetten om å halda dansarane i aktivitet utover kvelden.

Tid: 21. mars kl. 19.30 (dørene opnar kl. 19)
Stad: Gimle, Kong Oscars gate 18
Pris: 100 (mdl/stud) / 150. Born gratis.

Laga av Lauen Dans&Design