Dans- og spelmaraton

Maraton: langdistanseløp over 42 195 m på landeveg.

Dans- og spelmaraton 2014. Foto: Kjersti J. Nybø

Dans- og spelmaraton 2014. Foto: Kjersti J. Nybø

42 195 steg på dansegolvet? 42 195 strok med bogen over felestrengane? 42 195 ord utveksla med gamle og nye kjente? 42 195 latterkuler? 42 195 kaffislurkar? Den årlege dans- og spelmaratonen i Gimle kan by på alt dette, og meir til.

Dans
I ein kveld fullstappa med mykje god dansemusikk vert det høve til å kunne svinga seg rundt på golvet i ein heftig dans. Berre hugs å stilla med godt utstyr som dansesko og ei ekstra skjorte eller to.
Fotskatt: 50,-
Spel
Spelmennene driv stafett gjennom heile kvelden. Det er ope for fleire spenstige gruppesamansettingangar og artige arrangement.  Påmelding innan 12. januar.
Spelekvote: 50,- (friviljug)
Kafé
Om ein skal dansa og spela ein kveld til endes, krev det påfylling av energi. Det får ein i kafeen. Her vert sal av forfriskingar heilekvelden.
Lodd
Med fotskatten følgjer det eit lodd. Utpå kvelden blir det trekt ut nokre heldige vinnarar, som får med ein liten premie heim.
I klartekst:
Tid: 24. januar kl. 19-24
Stad: Gimle, Kong Oscars gate 18
Pris: 50,-
Påmelding for spelmenn til kontoret@bergen.ungdomslag.no innan 12. januar
Laga av Lauen Dans&Design