Velkomen til haustfest!

Laurdag 22. november inviterer folkedanslaget til ei av dei årlege storhendingane i laget, haustfesten.

Den tradisjonelle haustfesten føregår i kjente former, men kanskje med nokre nye overraskingar. Det vert underhaldning, middag, dans til spelmannslaget Fjellbekken og økter med songdans. Ungdomsingen stiller med gode kaker til kaffien, og på middagsmenyen står raspeballar. Haustfesten 2012. Foto: Mari S. LysneTid: laurdag 22. november kl. 19-23
Stad: Gimle, Kong Oscars gate 18
Pris: 300/350 for middag, kaffi, kake og dans (100/150 for berre dans)
Påmelding: til kontoret@bergen.ungdomslag innan 13.november (for middag)

Laga av Lauen Dans&Design