Sundag med latter og lotteri

Det var ikkje berre på fotballbana spenninga var stor sundag kveld. Gimle fekk besøk av Noregs 57. morsomste mann, og årene fekk bein å gå på under den store basaren.

Foto: Kjersti J. Nybø

Are Kalvø starta sin inntreden i Gimle med å helse Ivar Aasen på veggen, før han sette i gang med si humoristiske gjennomgang av den nye grunnlova han har laga. Latteren sat laust blant dei vel 40 betalande som hadde møtt fram denne sundagen til ein koseleg lagskveld.

Are Kalvø las frå si sjølvlaga grunnlov, til mykje latter frå publikum.

Are Kalvø las frå si sjølvlaga grunnlov, til mykje latter frå publikum.

Sjølv om ein kanskje hadde håpa på litt betre billettsal, gjekk åresalet strålande, og ungdomsringen diska opp med kaffi, kake og vafflar, tradisjonen tru.

Kristoffer Kleiveland leia oss gjennom basaren med kyndig bruk av risteboksen, og som vanleg var hellet mest med familien Solvang, som mellom anna sikra seg den gjeve fruktkorga. Med fine vinstar – alt frå strikk frå Skostredet Spøt og Slarv til gamle bøker frå kjellaren – var det stor stemning kvar gong han rista fram eit nytt tal.

Kristoffer Kleiveland hadde full kontroll på risteboksen.

Kristoffer Kleiveland hadde full kontroll på risteboksen.

Spelemann Terje vann  boka ”Skikk og bruk” av Toppen Bech, medan leiar Torbjørn mellom anna fekk med seg ein sekk poteter heim etter ein særs vellukka kveld.

God stemning på basar.

God stemning på basar.

Fleire bilete frå kvelden:

Laga av Lauen Dans&Design