Arkiv | Ymse

RSS-straum for denne seksjonen
Mann som kanskje kan vera aktuell som julenisse.

Søker medlem med naturleg skjegg

Måndag 9. januar arrangerer barnelaget juletrefest i Gimle. Då julenissen er på ferie, treng me ein vikar. Me har vore i kontakt med Manpower, men det er få tilgjengelege nissevikarar i denne travle nissetida. Om du ikkje har skjegg, kan du byrja å spara nå. Kvalifikasjonar: – kler raudt – liker ungeskrik – får plass […]

Juniorspelmannslaget LK 2016

Landkappleikvinnarar på meisterkonsert!

Bergen Juniorspelmannslag gjekk av med sigeren i klassen lagspel junior, under Landskappleiken 2016 i Vågå. Me er svært stolte over å ha så mange og flinke felespelarar i laget vårt. Bergen Juniorspelmannslag er inviterte til å bidra på Meisterkonsert i Hovudscena i Den Norske Opera,  sundag 20.november. I overkant av 600 billettar er allereie seld, så det […]

Ungdomsringen

Dans for bymann, stril og kongelege

9-12 juni vert Hansadagen skipa til i Bergen. Folkedanslaget har framsyning laurdag 11. juni, klokka 13.00 på Hanseatic corner. Denne dagen er også den tradisjonelle torgdagen i Bergen. Den 25. juni kjem Kongen, Dronninga og Kronprinsparet på besøk til Bergen i høve Kongeparet si jubileumsreise langs norskekysten. I Bergen vert det skipa til ein folkefest på Bryggen, der […]

jonsokbål

Jonsokfeiring på hytta

Torsdag 23. juni inviterar  Bergen ul Ervingen til jonsokfeiring.           Tradisjonen tru skipar me til jonskofeiring på lagshytta på Eidsholmen i Fana. Det vert det bål og grilling. Hyttenemnda ordnar med varme grillar. Ta med grillmat og bli med på feiringa, torsdag 23. juni klokka 17.00. Velkomne!  

Rebusløp_plakat

Rebusløp

Tradisjonen tru vert det rebusløp også i år! Måndag 9. mai klokka 18.00 i Gimle. Rebusnemnda stiller med finurlege rebusar som tek deg med gjennom Bergen sentrum. Ta med deg vener, familie og kjende og still med eit lag – eller berre møt opp i Gimle og bli med på eit lag. Det er plass […]

Magne Hagesæter

Endringar på kontoret

Fredag 22.april var siste arbeidsdag for Magne Hagesæter som vikarierande organisasjonssekretær i Bergen ungdomslag Ervingen. Styret vil takke Magne for å ein god jobb. Magne kom raskt inn i jobben i august og har vore flink å tilpasse seg organisasjonen. Han har gjennomført arbeidsoppgåvene sine på ein god måte. Gjennom ni månader har Magne fått […]

Her er det nye styret. Bak frå venstre.: Endre Strømsjordet Myhre, Kevin André Kuntze Theigmann, Morten Nilsen, Torbjørn Bergwitz Lauen og Håvard Ims. Fremst frå venstre: Tone Mjelde, Mette Vårdal, Marit Nerås Krogsæter. Ikkje tilstades: Marie Nicolaisen og Kine Langnes Reiersen

Landsmøte i Noregs Ungdomslag

Helga 22.-24. april var heile styret samla på landsmøtet til Noregs Ungdomslag i Oslo. På programmet sto prinsipprogram, arbeidsplan og lovendringsforslag, men det var også tid til inspirerande samtalar over ein kopp kaffi. Helga starta med miniseminar. Laget sine utsendingar deltok på landsmøteførebuing for ungdom, seminar om søknadsskriving og seminar om songdansen. Slikt fagleg påfyll […]

12828392_964103236999315_6128634302710627912_o (2)

Rikskonsert 24. april

Ning (samtidsmusikkensemble) inviterer til gallakonsert, 17. mai-fest og musikk-kåseri på ein gong 24. april i Gimle. På programmet finn du mellom anna Kor e’ tonen. RIKSKONSERT er ei undersøking av musikalsk fellesskap i Noreg i globaliseringa, selvrealiseringa og kommersialismen si tid. RIKSKONSERT er ei blanding av talkshow, 17. mai-møte, føredrag og førestilling; det er statistikk, politikk, […]

Laga av Lauen Dans&Design