Arkiv | Lagshytta

RSS-straum for denne seksjonen
Hyggekveld på måndagsringen. Foto: Kjersti J. Nybø

Vårsemesteret i folkedanslaget

Vårsemesteret 2015 er endeleg i gang, og folkedanslaget har mange spanande og fine opplevingar planlagt for alle som vil dansa denne våren. Folkedansøvingar Dei faste øvingane til måndagsringen, folkedans for seniorar og fordjupingsøvinga går på same tid som før, med mange kjente spelmenn og instruktørar. Måndag fyrstkommane, 12. januar, er nye dansarar særleg velkomne, så […]

Eidsholmen

Hyttedans i oktober

Laurdag 18. oktober vert det høve til å komma saman for å nyta ein haustkveld på hytta. Det vert underhaldning, dans, song og mat. No rullar Have svært mot Landmed Skùm um skavlande Ryggirog bryt seg sprengt mod Øydestrand,der berre Vindtroll byggjer.Og Stormen skrik i ville Gru,der yvi Djup han jagarmed Fòk og Ròk um […]

Føremiddagskaffi i sola. Foto: Mari S. Lysne

Sol, sva og dansesteg

Helga 13.-14. september var ei gruppe unge vaksne på Eidsholmen for å nyta godt selskap og godt ver. Dei fekk begge deler. Septemberveret kunne ikkje ha vore betre denne helga, og det vart høve til både lange stunder utandørs og ein dupp i sjøen for dei meir hardføre. Både laurdag ettermiddag og søndag føremiddag vart […]

Bli med på hytta!

Bli med på hytta!

Folkedanslaget skipar enno ein gong til hyttetur til Eidsholmen for alle unge vaksne (ca 19-35 år) i laget, helga 13.-14. september. Om du spelar, syng eller dansar er du hjarteleg velkomen til å vera med til hytta i Fana.  Det vert kortkurs i lindy hop, leik, spel, prat og masse hygge. Ta med mat til […]

Kubb-vinnarar. Foto: Kjersti Johanne Nybø

Vårhelg på hytta

Helga 24.-25. mai var ein gjeng unge vaksne i laget på lagshytta, Eidsholmen. Trass kald vind vart det moglegheit for både bading, kubb og kaffi i solveggen, i tillegg til inneaktivitetar. Me har mange gode instruktørar i laget, og laurdag kveld fekk me moglegheit til å ta del på kortkurs i lindy-hop, godt leidd av […]

Kano på Eidsholmen, fotograf Torbjørn B. Lauen

Hyttetur for unge vaksne

Laurdag 24. til søndag 25. mai er det dei unge vaksne i laget sin tur til å besøka lagshytta vår, Eidsholmen. Folkedanslaget vil gjerne ha med alle medlemmer mellom 19 og 35 på hytta, om du dansar, syng eller spelar. Dette er eit godt høve til å verta kjend med andre i laget – og […]

Dugnad på hytta 2014: Rigmor og berit vaskar opp

Vårens vakraste eventyr: dugnad på hytta!

Overskrifta er ikkje teken ut or lufta, for på onsdag synte vergudane seg frå den aller beste sida. Kanskje har hyttestyret kontaktar der oppe? Uvanleg mange møtte opp, slik at Tordenskjold sine slitne soldatar (=hyttestyret) fekk hjelp. Etter ei matøkt med kaffi og Knut si Brownie-kake var alle klare til innsats, og på merkeleg vis fann […]

Laga av Lauen Dans&Design