Arkiv | Kurs

RSS-straum for denne seksjonen
Rotation och sväng. Foto: Jonas Hjalmarsson

Teknikk, uttrykk, balanse, lytting og samdans

Haustens dansekurs nærmar seg. Velkomen til kurs med “Rotation och sväng” i Gimle helga 22.-23. oktober! “Rotation ocg sväng” består av Ami Petersson Dregelid og Ellika Frisell. Ami er frilans dansar og pedagog, som underviser på Danshögskolan, Kungl. Musikhögskolan i Stockholm og på Eric Sahlströminstitutet. I Noreg har ho undervist på mellom anna NTNU og […]

Nybegynnar-kurs i norsk folkedans

Nybegynnar-kurs i norsk folkedans

Hausten 2016 skipar Bergen ungdomslag Ervingen til nybegynnarkurs i norsk folkedans, seks måndagar på rad. Fyrste øving vert allereie 29. august. Nybegynnarkurset gir ei innføring i ein del av dei vanlegaste folkedansane, og ein er med det rusta til å ta del i vanlege danseøvingar i laget, eller bruka folkedans på eit dansegolv ein annan […]

Hyttetur med spelkurs 16. - 17. april

Hyttetur med spelkurs 16. – 17. april

Helga 16.- 17. april var det klart for hyttetur på nydelege Eidsholmen. Ni av Dragegjengens felespelarar, og tre frå juniorspelemannslaget var med. Dragegjengen er eit spelmannslag for ti elevar ved Krohnengen skole, og andreklassingane har spela fele i snart eit år saman med Maria og Ida Marie.   Borna leika mykje innimellom speleøkter. Skogen og […]

Kurs på Utne. Foto: Borghild Marie Opdahl

Speleferd i Hardanger

Fredag 1. april reiste 11 speleglade speledamer frå Audhilds på speleferd til Utne i Hardanger. Det vart ei inspirerande helg, og ein fin måte å avslutta vinterferien, og ynskja våren velkomen på. Fredagen var det duka for konsert med meisterspelemennene Aslak Brimi, Bjørn Kåre Odde og Astrid Sulheim på Hardanger Folkemuseum. Dette gav ei inspirerande […]

Ungdomar som dansar

Nordring 2016 i Finland

Klokka 04.00 på skjærtorsdag møttest fire trøytte fjes på Flesland. Karoline, Maria, Lars og Ida Marie var pakka og klare til påske på Nordring i Finland. Vel framme i Finland, sjekka me inn på romma, før det var klart for den første posten på programmet – middag. Det var godt med tradisjonell finsk mat etter […]

Deltakarar på dansekurs. Foto: Kjersti J. Nybø

Vil du læra å dansa folkedans?

I vår arrangerer folkedanslaget i Bergen ungdomslag Ervingen to ulike kurs for den som har lyst å dansa norsk folkedans. Det vert innføring i og oppfrisking av springleik i april, og i slutten av februar vert det kræsjkurs i folkedans. februar kl. 13-15 kan du komma til Gimle for å få ein smak på eller oppfrisking […]

Frå folkemusikkfesten 2015. Foto: Kjersti J. Nybø

Jølstra-spel, greske dansar og springleikkuler

Alt i overskrifta, og mykje meir, byr vårsemesteret 2016 på for den som er interessert i folkemusikk og folkedans. Her er ei rask oversikt over nokre sentrale datoar frå folkedanslaget til Bergen ungdomslag Ervingen: 4.januar – oppstart for måndagsringen 13.januar – oppstart for onsdagsøvinga 23.januar – dans- og spelmaraton, med konsert med Gro Marie Svidal […]

Folkemusikkfesten 2015. Foto: Kjersti Johanne Nybø

Folkedanshausten 2015

Hausten er snart over oss, og det er mykje spanande som skjer i ungdomslaget framover! Her er ei lita oversikt over det som skal føregå på folkedansfronten. Dei faste øvingane i laget startar opp i veke 36. Barnelaget øver måndagar kl. 17.15-18.30, ungdomsringen rett etterpå, og måndagsringen  kl. 20-22 i 3. høgd i Gimle, folkedans […]

logo-gjennomsiktig

Ljom i Bergen 16-18 oktober!

I år er det 10 år sidan BUL Ervingen og BUL Bergen fann saman til Bergen ungdomslag Ervingen! I tillegg er det òg 100 år sidan Gimle vart kjøpt og 50 år sidan Fensal vart kjøpt. Dette skal me sjølvsagt feire! 16-18 oktober vert det storslagen jubileumsfeiring, og me har vald å kalle jubileumshelga for Ljom. […]

Laga av Lauen Dans&Design