Arkiv | Folkedans

RSS-straum for denne seksjonen
Barn dansar folkedans

Familiefolkedans med eventyrstund

Barnelaget i Bergen ungdomslag Ervingen skipar til familiefolkedanskveld med eventyrstund, sundag 19. oktober klokka 17.00-19.00 Astri Sudmann fortel eventyr og leier dans, leik og moro for både små og store. Servering av saft, kaffi, kaker og frukt. Pris: 60 /  80 for vaksne og gratis for barna. Hjartleg velkomen til ei hyggestund i Gimle, Kong […]

Eidsholmen

Hyttedans i oktober

Laurdag 18. oktober vert det høve til å komma saman for å nyta ein haustkveld på hytta. Det vert underhaldning, dans, song og mat. No rullar Have svært mot Landmed Skùm um skavlande Ryggirog bryt seg sprengt mod Øydestrand,der berre Vindtroll byggjer.Og Stormen skrik i ville Gru,der yvi Djup han jagarmed Fòk og Ròk um […]

Kristoffer Kleiveland. Foto: Mari S. Lysne

Vellukka kulturnatt i Gimle

Mellom 70 og 80 personar var innom i Gimle då folkedanslaget inviterte bergensarar på konsert og dans under den årlege kulturnatta. Kristoffer Kleiveland var hovudtrekkplasteret denne kvelden, og heldt ein fin, variert og uformell konsert for dei vel 40 frammøtte. Etter ekstranummeret, som kom etter begeistra applaus og eit lattermildt “gudskjelov, då var ikkje all […]

Dans under sjufjellsturen. Foto: Kjersti J. Nybø

Nybegynnarkurs i folkedans

Helga 20.-21. september vert det nybegynnarkurs i norsk folkedans i Gimle. Her kan du læra mellom anna reinlender, vals, springar og halling. Borghild Opdahl skal vera instruktør og Terje Furenes spelmann for nybegynnarane som kjem til Gimle laurdag og søndag neste veke. Det er enno ledige plassar på kurset, og påmeldingsfristen er måndag 15. september. […]

Bilete syner Slansk som skal halda workshop i Gimle

Workshop / kurs i polsk dans

Den polskedansegruppa Slask er for tida på vitjing i Noreg, som ein del av eit samarbeid med Strilaringen.  I løpet av denne veka skal dei ha sju framsyningar, mellom anna 22. august klokka 18.00 på Cornerteateret i Bergen. Onsdag 20. august held dei workshop i Gimle, Kong Oscarsgate 15, for alle som har lyst å […]

Hyggekveld, mars 2014. Foto: Kjersti J. Nybø

Hausten i folkedanslaget

Her er ei oversikt over programmet folkedanslaget har planlagt for gamle og nye dansarar i haust. Folkedanslaget har ein del spikra, mange gode idear og nokre lause trådar, men noter deg datoane og bli med på moroa! Dei fleste danseøvingane i laget startar opp att i veke 35. Måndagsringen fortset med gode instruktørar og spelmenn […]

Ungdomsringen i aksjon

Dans og demokrati

Ungdomsringen var med på opningsførestillinga under Folkedansfestivalen i Ørsta. I januar fekk Ungdomsringen kjennskap til Noregs Ungdomslag sitt dansekoreografi-prosjekt for lokallag. I utlysningsteksten stod fylgjande: «Ungdomane i prosjektet skal arbeida med spørsmål knytt til deira forståing av demokrati. Kva er demokrati for meg og deg? Korleis kan ein utrykkja dette i dans?» Ungdomsringen fekk vere […]

Folkedansarar på Montana. Fotograf: Kjersti J. Nybø

Festspelartistar på sjufjellsturen

Omlag 25 unge dansarar og spelmenn frå Bergen ungdomslag Ervingen tok del når Festspillene i Bergen skulle underhalda tusenvis av bergensarar på fjelltur søndag 25. mai. Bergen viste seg frå si beste side, og alt var duka for ein strålande utmarsjdag for dei mange tusen som tok del på den 60. sjufjellsturen. Ungdomslaget har ikkje […]

Kubb-vinnarar. Foto: Kjersti Johanne Nybø

Vårhelg på hytta

Helga 24.-25. mai var ein gjeng unge vaksne i laget på lagshytta, Eidsholmen. Trass kald vind vart det moglegheit for både bading, kubb og kaffi i solveggen, i tillegg til inneaktivitetar. Me har mange gode instruktørar i laget, og laurdag kveld fekk me moglegheit til å ta del på kortkurs i lindy-hop, godt leidd av […]

Laga av Lauen Dans&Design