Vårens vakraste eventyr
Kor e tonen avslutta vårsemesteret med ei overraskande, og særs gledeleg 2. plass i klasse B for blandakor i Hordaland korforbund sin konkurranse "Syng for oss".
36 kor fordelt på fem klassar deltok i konkurransen, som gjekk føre seg i Grieghallen 13.-14. Juni 2008. Kor e tonen song tidleg laurdag morgon, og kunne dermed slappe av med flott korsong resten av dagen.
Kvelden kuliminerte med Syng for oss Grand Prix, der fem kor uavhengig av klasse vart plukka ut til å gjere ein finaleopptreden. Til sist blei spenninga utløyst i det poeng og premiar vart delt ut. Kor e tonen fekk ros for god dynamikk og klang - noko dirigent Elin Hestenes har trena oss mykje på den siste tida. Og så fekk me nokre gode tips frå dommarane på kva me kan trene meir på for å bli enda betre.
For meir informasjon om konkurransen og kven som deltok og resultata, sjå nettsida til Hordaland korforbund..
Kor e tonen ynskjer alle ein strålande sommar!
Kor e´ tonen deltek på nyttårskonsert!
Det er blitt ein tradisjon for oss å delta på Norges Korforbund Hordaland sine nyttårskonsertar. 13. Januar kl 18 skal me syngja i Solheim kirke saman med fem andre kor. Det er gratis inngong, men med høve for å gi eit bidrag i døra. Overskotet går i år til Kirkens Bymisjon. Kom og høyr oss!
Mann med songbehov?
Kor e´ tonen treng fleire menn! Me har 6 bassar og 4 tenorar, men kunne godt tenkt oss litt fleire på båe stemmegrupper. Særskild 2. bassar (dei som syng djupast) og tenorar er på ynskjelista. Er du ein av dei, eller kjenner ein, ta kontakt med oss!
Nytt semester!
Ja, då er me klare for ein ny vår! Me startar med eit brak, og syng på nyttårskonsert framleis med ribbefettet klistra til stemmebanda. Måndag 14. Januar startar me imidlertid på ny frisk med nye songar og, ikkje minst, fleire splitter nye medlemmer. Notekomiteen er i full gong med å finna det ultimate repertoaret for våren. Me gler oss!
Kor e' Bålet slår til igjen!
Det vart rekordstort oppmøte då turgruppa til koret, Kor e' Bålet, vitja Spåkevatnet i Arna. Stemninga var god, og Andre diska opp med omelett til dei som ikkje berre ville ha pølser. Det vart også tid til eventyrlesing og snop.
