Lagshytta

Draumereise, berre ein halv time frå byn!

- Drøymer du om å reise bort  frå kvardagen og leve i idylliske omgjevnader, på ein liten holme, like i nærleiken av ein eventyrskog?

- Har du ein travel kvardag, og treng avkopling nær fine turområde?

- Eller treng du ein stad der du kan ha avsluttingar eller gjenforeningar, bryllaup, konfirmasjon, blåtur eller lagstur?

.. då har me reisemålet for deg!

Utferdsstaden til Bergen ungdomslag Ervingen ligg på Grimseid i Fana, på ein liten holme som heiter Eidsholmen (Grimseidvegen 375). Berre tretti minutt kjøring frå Bergen sentrum.

Her er 30 sengeplassar, fordelt på om lag 10 rom. Hytta har ei storstove og ei peisestove. Kjøkkenet er utstyrt med både oppvaskmaskin, kaffitraktar, kjøleskåp, komfyr, kjørel og anna utstyr til matlaging. I kjellaren er det to bad. Det eine har to dusjar og to toalett, medan det andre har eit av kvar.

Når ein går ut av stova, på baksida av hytta, ut på den vesle terrassen, og ser utover fjorden, kan ein verkeleg kjenne at her er ei ro og ein idyll ein skal leite lenge etter. Så skjerma for larm og støy frå byen, men likevel så nær. Og går ein gjennom hagen, der dei store grillane og flaggstanga står, og kjem ned i vika der ein kan bade, leike i fjæra og leite etter krabbe, så kjenner ein at dette skulle alle opplevd ein gong i livet.

Høyrest dette freistande ut? Det er berre å ta kontakt med Annbjørg i Bergen ungdomslag Ervingen, 55317446, så ordnar ho det meste!

Prisar for leige av hytta:

  • 1/2 vekedag kr. 1500
  • Ein vekedag kr. 2000
  • Fredag - Laurdag kr. 3000
  • Laurdag - Søndag kr. 3500
  • Fredag - Søndag kr. 6000
  • Torsdag - Søndag kr. 7500