Noregs Ungdomslag har lang erfaring med opplæring av instruktørar. Vi tilbyr teaterkurs og folkedanskurs i to modular, retta mot dei som vil bli instruktørar.
Frå 2011 arrangerer også NU leiaropplæring for tillitsvalde i fylkeslag, og denne blir halde parallelt med modul 1-kursa i teater og folkedans. Dette kurset skal dyktiggjere tillitsvalde i fylkeslaga, og også setje dei i stand til å halde organisasjonskurs for lokallag.
Denne våren skal Bergen ungdomslag, Ervingen vere lokal arrangør for modul 1-2012.
Instruktørkursa tek utgangspunkt i folkedans- og teaterarbeidet som vert drive i organisasjonen, og gjennom opplæringa utviklar vi instruktørar med brei kunnskap om og innsikt i aktiviteten.
Modul 1 av kursa vert arrangert i mars medan modul 2 vert arrangert i oktober. Kursa finn alltid stad på same plass, og dato for kurs blir annonsert på denne sida, i nyhendebreva våre (epost) og i medlemsbladet Ungdom.
Dato: 23. - 25. mars 2012. Merk at instruktørkurs i folkedans og teater startar klokka 0900 om morgonen fredagen.
Stad: Bergen ungdomslag, Ervingen sitt lagshus, Gimle. Kong Oscarsgt. 15. Kart over Bergen sentrum.
Kursavgift, instruktørkurs modul 1: kr 1500 for medlemmer i NU og kr 2300 for andre. Dette inkluderer kurs og lunsj alle tre dagar.
Frist for påmelding: 1. mars (bindande påmelding)
For fagleg opplegg, timeplan og fakta om lærarane, klikk her:










