Danseskostredet

Omlag 10.45 minutt ut i seninga kan du høyre Ingeborg H. Bringslid og Endre Kleiveland fortelja om Danseskostredet: http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/726621/ (onsdag 06. april 2011).
 
Laurdag 9. april kl 19.00 i Fana kulturhus, Kultursalen
Østre Nesttunvegen 18, 300 meter frå bybanestoppet på Nesttun.
Danseskostredet er det største prosjektet til folkedanslaget i 2011. Namnet kjem av den lange tradisjonen Bergen ungdomslag Ervingen har med folkedans i området rundt Skostredet i Bergen sentrum. Førestillinga inneheld spennande koreografiar, rytmikk og improvisasjon i samspel med tradisjonelle dansar som telespringar, ril og vals. Den varar i omlag ein time. Dansegruppa består av 15 unge dansarar frå Bergen ungdomslag Ervingen. Dei har alle dansa i mange år, og meistrar mange ulike dansar og uttrykk innanfor den norske tradisjonen.
Musikken vert framført av Spelemannslaget Audhilds og folkjazz-trioen Kefir Kulturformidling. Audhilds held eit høgt nivå og beherskar ein vidt spenn av slåttetypar. Kefir kulturformidling tek utgangspunkt i tradisjonelle folketonar, men er ikkje redde for å improvisere eller blande inn andre sjangrar. Dei skal presentere tradisjonell folkemusikk i tillegg til nykomponert materiale som er skreddarsydd for framsyninga.
Endre Kleiveland har regien på framsyninga. Han har mellom anna erfaring frå prosjektet “Bergen dans” der 200 folkedansande born opna Festspillene i Bergen 2010. Til dagleg er han instruktør og profesjonell dansar.
Oppvarming ved Teaterlaget BULEskit
Pris: 150/50 (under 15 år) Kjøp i døra eller på førehand hjå kontoret@bergen.ungdomslag.no / 55317446, eller kom innom kontoret!
/**
**/